Ingrediensar (alle økologiske): grønnmynte, eplemynte, humle, isop, kvannrot, nyper og roseblad.
I middelalderen var Nidaros og Olavsskrinet viktigaste pilegrimsmål i Norden. Mellomalderen var også klostertid, - og ei rik tid på urtedyrking og bruk. Dette er ein historisk te med viktige urter som humle og kvann. Kvann veit vi frå Snorre kunne kjøpast på torget i Nidaros. Humle og beroligande og mynte gjer teen velsmakande.
Solvendt under Lomseggen finn du garden Nordgard Aukrust med solbrune tømmerhus. Her har dei i 25 år dreve med urteforedling, og drifta har vore økologisk godkjent sidan 1986, dei driv òg bio-dynamisk med Demeter-godkjenning, det strengaste av alle økologiske merker. Dei har eit stort utval av krydder, urteblandingar og urtete.